Velkommen til mi heimeside!
Byggmester Bjørn Rune Kvinge AS er eit føretak med ein tilsett, Bjørn Rune Kvinge. Eg driv i dag konsulentverksemd for private og bedrifter. I hovudsak prosjektering av mindre bygg- og anlegg som eg da som oftast også søkjer byggjeløyve for i den kommunen tiltaket skal etablerast. Det meste av oppdraga er nye bustadhus og hytter men også mange tilbygg. Har også en del oppdrag for næringslivet. Brukar eit moderne 3D teikneprogram ArchiCad.
Har bakgrunn som utførande tømrar der eg i sirka 20 år jobba som bygningsarbeidar som eigen arbeidsgjevar. Tok meisterbrev i 1988 og har i ein 10-års periode drive Byggmester Bjørn Rune Kvinge AS med opp til 10 tilsette.
Har mange nøgde kundar og gode referansar. Med allsidig bakgrunn frå bransjen har eg gode kvalifikasjonar som kundane mine viser at dei set pris på.
PRISER
- Det vert gjeve kostnadsoverslag / prisestimat før oppstart
- Oppdrag på timebasis etter avtale, pris kr. 1 550,- per time inkl. mva
- For større oppdrag kan det gjerast avtale etter NS 8402
"Alminneligekontraktsbestemmelser for rådgivingsoppdrag etter medgått tid"
- Uavhengig kontroll i tiltaksklasse 1 Kontroll av våtrom og tettleik i nye bustadhus
Fast pris kr 9 375,- inkl. mva. Tillegg ved større avvik.